Daniel Kvammen på Lofthus Ekspedisjon 2026
Vi har gleden av å kunne ønske Daniel Kvammen tilbake på Lofthus Ekspedisjon lørdag 14. november
Daniel Kvammen har sidan debuten i 2015 etablert seg som ein av dei mest markante stemmene i norsk pop. Med over 45 millionar strøymningar, ein Spelemannspris, Målprisen, reindyrka radiosinglar har han gjort seg kjent for sitt sterke personlege uttrykk- reindyrka pop på hallingdialekt. Frå gjennombrotet med Du fortenar ein som meg til det kritikarroste albumet Guta som gret, har Kvammen levert låtar som både rører og engasjerer.
I Kvammen sitt musikalske univers møtast bygda, byen og tenåringsangsten i eit poetisk og fengande uttrykk. Han har samarbeidd med namn som Lars Vaular, Gabrielle, Eva Weel Skran og Hellbillies, og skapt musikk som balanserer det sårbare og det storslåtte. Med si unike formidlingsevne og sitt nære språk har Daniel Kvammen blitt eit folkekjært namn, og ein artist som verkeleg har funne si eiga stemme - ein stad mellom det hjartevarme og det allsangvennlege
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billetter refunderes ikke