Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Kveldsete vender attende
Det er ikkje heilt utan sommarfuglar i magen, at Magnus Opedal og Karl Ystanes prøver seg på eit lite comeback med Kveldsete den 19. desember på Lofthus Ekspedisjon.
«Kveldsete var veldig kjekt å halda på med. Fyrste kvelden var i 2013, og seinvinteren 2020 var me eigentleg i godt gjenge, med forestilling nummer 12, som forresten drog litt ut sidan straumen gjekk tre gonger i løpet av kvelden. Så kom pandemien, og det meste vart underleg og framandt ganske lenge etterpå», seier dei.
«Det kom oss for øyret at Ekspedisjonen fyller 20 år og i den forbindelse planlegg litt ulikt på underhaldningsfronten denne hausten. Me fekk eit hint om det kunne vera ein idé å ta opp att Kveldsete. Då tenkte me «jo, kanskje det?». Me vil prøva å ta attende litt av tida før 2020, for det var ganske god stemning då. Så har me sjølvsagt litt nytt på gang også. Eit par nye postar, sidan det er viktig å ikkje storkna i eit mønster. Dei fyrste gjestene er allereie på plass, det kjem nokre nissar, og me jobbar vidare med den musikalske biten for denne førjolskvelden.