Kveldsete på Lofthus Ekspedisjon

page view image
Evenemangsdatum

fredag 19 dec 2025 21:00

avslutas fredag 19 dec 2025 23:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Ordinær
Kveldsete er attende, etter seks år i opplag. Nye glimt, nye gjester, nye dressar, eit par gamle kostar. På Lofthus Ekspedisjon, 19. desember, klokka 20. Med Magnus Opedal og Karl Ystanes.
event image

Evenemangsinformation

Kveldsete vender attende

 

Det er ikkje heilt utan sommarfuglar i magen, at Magnus Opedal og Karl Ystanes prøver seg på eit lite comeback med Kveldsete den 19. desember på Lofthus Ekspedisjon.

«Kveldsete var veldig kjekt å halda på med. Fyrste kvelden var i 2013, og seinvinteren 2020 var me eigentleg i godt gjenge, med forestilling nummer 12, som forresten drog litt ut sidan straumen gjekk tre gonger i løpet av kvelden. Så kom pandemien, og det meste vart underleg og framandt ganske lenge etterpå», seier dei.

«Det kom oss for øyret at Ekspedisjonen fyller 20 år og i den forbindelse planlegg litt ulikt på underhaldningsfronten denne hausten. Me fekk eit hint om det kunne vera ein idé å ta opp att Kveldsete. Då tenkte me «jo, kanskje det?». Me vil prøva å ta attende litt av tida før 2020, for det var ganske god stemning då. Så har me sjølvsagt litt nytt på gang også. Eit par nye postar, sidan det er viktig å ikkje storkna i eit mønster. Dei fyrste gjestene er allereie på plass, det kjem nokre nissar, og me jobbar vidare med den musikalske biten for denne førjolskvelden.

Restriktioner

18 års aldersgrense

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter refunderes ikke

Taggar

lofthus
lofthusekspedisjon
kveldsete
hardanger
uteliv
ullensvang
ekspedisjonen
Arrangör
LofthusEkspedisjon